Dåslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dåslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Lamioideae
Slekt: Dåslekta Galeopsis
L., 1753

Dåslekta (Galeopsis) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Medlemene er eittårige ugrasplantar, dei har lange leder nede, korte oppe, og store blad under dei øvre blomsterkransane. Blomstrane har beger med stive broddspisse tenner. Dei har krone med lang røyr, heil overlepe og tredelt underlepe.

Fire artar veks i Noreg:[1]

  • Guldå (G. speciosa), livskraftig (LC)
  • Kvassdå (G. tetrahit), livskraftig (LC)
  • Vrangdå (G. bifida), livskraftig (LC)
  • Dundå (G. ladanum), kritisk truga (CR) i Raudlista 2021[2]

Nokre andre artar er registrert gjennom einskildfunn:[1]

  • Smaldå (G. angustifolia), framandart, ikkje risikovurdert
  • Mjukdå (G. pubescens), framandart, ingen kjend risiko (NK) i Framandartslista 2018[3]
  • Bleikdå (G. segetum), framandart, ikkje risikovurdert

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 964–965, 1164. 
  2. «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2023. 
  3. «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 1. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dåslekta