Klut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skitne klutar.

Klut eller fille er eit mindre tøystykke som kan koma frå eit større tøystykke eller vera laga til den ønskte storleiken frå byrjinga av. I dag bruker ein typisk filler til pussing og reingjering. Gjenbrukte filler kan brukast til å laga klutepapir, lappeteppe, fillerye og liknande.

Ordet «klut» kan også brukast for å visa til segl, som i uttrykket «setja alle klutar til». «Filler» kan visa til lasete klede eller humoristisk om vanlege klede.

Vaskefiller[endre | endre wikiteksten]

Golvfille.

Filler kan vera nyttige til å gjera reint med, både på store flater, avgrensa flekkar eller i tronge rom. Det er vanleg å ha ulike klutar til ulik bruk, til dømes golvfille til å vaska golv med, kjøkkenfille til bruk der ein lagar mat og kroppsklut til å vaska kroppen med.

Dei fleste klutar kan vaskast og brukast fleire gonger, ulikt tørkepapir og våtserviettar, men det er også utvikla eingongsklutar. Klutar som ligg fuktige lenge danner grobotn for bakteriar. For å ikkje bli helseskadelege bør særleg kjøkkenklutar byttast ofte.

Alle typar tekstil blir brukte til klutar. Tradisjonelt har dei vore av naturfiber som bomull og lin. I nyare tid har ein utvikla kunstfiberklutar, til dømes filtklut av viskose og andre syntetiske fiber, og mikrofiberklut. Slike klutar kan ofte brukast til å vaska med utan reingjeringsmiddel og/eller vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Klut